Stab og støtte: ny samling for sektorprosess

Torsdag var rådmannens stab, økonomi og personal samla for andre sektorprosessamling.

Samlinga vart innleia av Ann Kristin Langeland, som vert assisterande rådmann for nye Volda.

Etter ei oppsummering av kva som har skjedd, og kva som skjer framover, starta forsamlinga på gruppeoppgåver – som var delt inn i fire grupper (økonomi, løn- og personal og to stabar).

Oppgåvene som vart delte ut omhandla arbeidsoppgåver innanfor ulike fagfelt som kommunalsjefane tenkjer kan liggje til dei aktuelle sektorane.

Spørsmåla som vart stilte var:

  • Kva oppgåver i boksa gjer/løyser vi i dag?
  • Er det oppgåver i boksa vi ikkje løyser i dag?
  • Er det oppgåver vi gjer som ikkje står i boksa?

Vil tenkje funksjonsretta

Etter å ha brukt første del av samlinga til å kartlegge desse oppgåvene, gjekk ein etter lunsj over på å drøfte kva oppgåver ein meiner skal liggje til dei ulike sektorane.

I denne sekvensen vart det gjennomgang i plenum, der ein fekk tenkje høgt med dei andre gruppene.

Mange var overbeviste om at ein så langt som råd bør tenkje at oppgåver vert lagt til funksjonar (stillingar) og relevante sektorar/stabar, i staden for å plassere oppgåver til enkeltpersonar.

Langeland, personalsjef Berit Lyngstad og økonomisjef Kari Mette Sundgot samla avslutningsvis inn alle notatane som vart gjort for å ta med dette i den vidare handsaminga av prosessen.

Målet i sektorprosessane er at alle kommunalsjefane skal ha klar sine organisasjonskart innan utgangen av mars.