Storsamling i Honndalshallen

Sektorleiarar, avdelingsleiarar og tillitsvalde var samla i Hornindal for å gå gjennom forslag til ny organisering.

Onsdag 14. februar var det klart for den siste arbeidssamlinga i samband med prosessen på ny administrativ organisering (hovudstruktur).

Til denne samlinga var både sektorleiarar, avdelingsleiarar og tillitsvalde inviterte til å ta del og gi sine tilbakemeldingar på forslaget til ny organisering.

Prosjektleiar Rune Sjurgard starta samlinga med å orientere om prosessen som har vore hittil i å arbeide fram ei ny administrativ organisering for Nye Volda kommune.

Etter ein presentasjon på om lag 40 minutt, der Sjurgard gjekk gjennom den tiltenkte modellen i detalj, gjekk så deltakarane på samlinga inn i grupper for å diskutere seg fram til styrker og svakheiter med modellen.

Alle tilbakemeldingar vart så tekne opp i plenum til slutt.

Vegen vidare for prosessen med eit organisasjonskart vert at i perioden frå 1-15. mars vil prosjektleiarens forslag ligge ute til høyring, før den skal endeleg vedtakast 20. mars. Alle tilsette vert oppmoda til å ta kontakt med sin arbeidstakarorganisasjon for å kome med eventuelle tilbakemeldingar.

Med dei tilbakemeldingane som Sjurgard har fått etter dagens samling, vil oppdatert versjon av organiseringsforslaget bli lagt ut for høyring på nyevolda.no frå 1. mars.