Støtte- og stabsfunksjonar starta sektorprosess

Arbeidet med organiseringa av rådmannens stab, økonomiavd. og personalavd. er i gang.

Denne hausten vil dei tilsette i Hornindal og Volda kommune samarbeide om å organisere sin eigen sektor/avdeling.

Dette vil skje i samarbeid med dei komande kommunalsjefane/avdelingsleiarane – som har siste ordet i den endelege organseringa.

Måndag starta rådmannens stab, økonomiavdeling og personalavdelinga med sin prosess i denne organiseringa.

Under samlinga vart det mellom anna gått gjennom tankar rundt eigen sektor/avdeling og kva positive trekk og kulturar som ein ønskjer å ta med seg inn i ny kommune.

(saka held fram under biletet)

Komande assisterande rådmann i Nye Volda, Ann-Kristin Langeland, orienterer forsamlinga om programmet.

Mål for prosessen

Prosessen skal sikre god involvering av tilsette, tillitsvalde, samt leiarar ute, for å få eit breitt grunnlag for å konkludere.

Dei involverte og interne interessentar skal oppleve å vere informert under prosessen. Eksterne interessentar skal ha høve til å verte informert om viktige milepelar i prosessen. Tidsplanen skal haldast.

Verdiane for samanslåingsprosjektet nye Volda er openheit, tillit, rausheit og likeverd. Desse verdiane vil også gjelde for denne delprosessen.

For meir informasjon om vidare arbeid, sjå prosjektnotat for rådmannens stab, økonomiavdeling og personalavdeling.

%d bloggers like this: