Styringsgruppa: Dette skal opp på neste møte

I den administrative styringsgruppa vert det eit utvida møte førstkomande torsdag.

På sakskartet er det fleire interessante saker som skal takast opp. Til dømes nærmar det seg avgjersle for nytt kommunevåpen, som skal vedtakast i Fellesnemnda 19. april.

Prosjektleiaren vil også leggje fram utskritft av den nye administrative hovudstrukturen, som vart vedteken rett før påskeferien.

I tillegg er det ein del andre saker som er av generell interesse for både innbyggjarar og tilsette i Hornindal og Volda kommune – samt lokalt næringsliv.

Styringsgruppa møtest torsdag 5. april i Volda, og skal gjennom følgjande saker:

  • Status prosess – kartlegging av avtaler og interkommunale vedtekter/avtaler
  • Kontorlokale – kva er kapasiteten i Volda rådhus
  • Overgangsordning eigedomsskatt
  • Behov for budsjettkorrigering
  • Saker til FN 19. april
    – Budsjettkontroll
    – Vedtak om kommunevåpen
    – Representant frå fellesnemnda i Kyrkja si fellesnemnd
    – Oppdatert prosjektplan
    – Domstolsstruktur
    – Utskrift av administativt vedtak om administrativt hovudstruktur
    – Tannhelsetenesta (drøfting)
    – Haustfest (intern kulturbygging)
    – Kontrollutvalet – orientering
  • Framdriftsplan framover
  • Eventuelt

Etter denne delen, skal også Styringsgruppa gå gjennom ei ROS-analyse (risiko- og sårbarhetsanalyse).

Dette er ei analyse av sjølve samanslåingsprosessen, der potensielle negative hendingar i prosessen vert vurderte, og kva tiltak ein eventuelt må gjere for å unngå at slike hendingar skjer.

Referat frå torsdagens møte vil bli lagt ut under Dokument og protokollar så snart som råd i etterkant av møteslutt.