Styringsgruppa: referat 03. oktober 2019

Siste møte i styringsgruppa unnagjort.

Torsdag føremiddag møttest den administrative styringsgruppa, truleg, for alle siste gong i samanslåingsprosjektet.

Styringsgruppa har til dømes hatt som føremål å førebu møter og utgreie saker til Fellesnemnda, syte for at aktuelle tema blir utgreidde og «fasa» inn i prosjektet, opprette arbeidsgrupper etter behov innanfor sektorar/teneste og overføre personal til den nye kommunen.

Ettersom kommunalsjefar i kvar av sektorane er innplasserte, har dei i større grad teke over den vidare organiseringa av den nye kommunen det siste året. Rådmannen si leiargruppe har derfor teke over mykje av den administrative oppfølginga av samanslåinga.

Ettersom torsdag 17. oktober vert det siste møtet i Fellesnemnda før det nye kommunestyret vert konstituert, vart det i dag (3. oktober) heldt eit siste møte i Styringsgruppa.

På agendaen stod det å setje opp sakliste til Fellesnemnda, diskutere beredskapsplan for «nye» Volda komune, deltaking på avslutningskonferansen i prosjektet «Digital kompetanse i kommunane.»

Her finn du referat frå møtet i Styringsgruppa.