Styringsgruppa: referat 16. august 2018

Dette vart drøfta under møtet i styringsgruppa i førre veke.

Sommarferien for vel unnagjort, og det vidare arbeidet med samanslåinga denne hausten er i gang.

Torsdag sist veke hadde den administrative styringsgruppa første møte etter ferien, der det mellom anna vart drøfta grensejustering (Bjørke/Viddal), organisasjonsnummer, avtalar som kommunen har, samt dei sektorielle prosessane som no tek til.

Under eventuelt-posten vart det også diskutert NAV/landbruk, renovasjon og prosjektstyringssverktøy i samanslåingsprosessen.

Neste møte i styringsgruppa vart fastsett til 17. september.

Fullstendig referat frå dette møtet finn ein her: Møtereferat

OBS: I referatet vert det referert til verktøyet Induct. Prosjektstyringssverktøyet som vert nytta i samanslåingsprosessen heiter Prosjektportalen.