Styringsgruppa: referat 17. september 2018

Dette vart tatt opp på sist møte i Styringsgruppa.

Denne veka møttest den administrative styringsgruppa for å orientere om siste status i samanslåinga samt leggje vidare plan framover til neste møte i Fellesnemnda. 

På agendaen til dette møtet, var saker som grensejustering, interkommunale samarbeid, lokalisering av tenester ved rådhusa og revidering av møteplan for Fellesnemnda.

Medan ein førebels ikkje har konkrete forslag til lokalisering av tenester ved rådhusa, vil prosjektleiar Rune Sjurgard få laga eit utkast så raskt som råd.

For Fellesnemnda sin del vert møta framover no lagt til skulekrinsane/grendene i den nye kommunen. Dei siste tre møta i 2018 vert lagt til høvesvis Bjørke, Grodås og Folkestad, før Dalsfjord vert første stad etter nyttår. I løpet av 2019 skal Fellesnemnda også innom resten av skulekrinsane.

Fullstendig referat frå måndagens møte finn du her: Møtereferat

%d bloggers like this: