Styringsgruppa: referat 23. april 2018

Måndag møttest den administrative styringsgruppa.

Under Fellenemnd-møtet sist torsdag kunne prosjektleiar Rune Sjurgard orientere om status på innplassering av leiarar for nye Volda kommune. Dette var også tema i Styringsgruppa måndag.

Stillinga som kommunalsjef for Samfunnsutvikling vil bli lyst ut eksternt. Resten er avklara, ifølgje prosjektleiaren. Meir om dette i referatet nedst i saka.

Styringsgruppa tok også opp ei sak om å kartlegge tilsette som vert berørt av kommunesamanslåinga. Erfaring frå Klæbu kommune viser at ein tilsettsamtale i samband med kommunesamanslåing kan vere nyttig for å kartlegge kompetanse, interesser og ønkste arbeidsoppgåver etter omstillinga.

Det vil derfor bli diskutert med personalsjefen for nye Volda kommune om eit slikt opplegg skal gjennomførast også i Hornindal/Volda.

Andre saker som vart diskutert var mellom anna erfaringar frå seminar på Gardermoen, drøftingsmøte med dei hovudtillitsvalte den 30. mai, informasjonstiltak framover, saker til Fellesenmndsmøtet 7. mai og aktivitetar framover.

Komplett referat kan du lese her: Referat