Styringsgruppa: referat 25. februar 2019

Her er referatet frå Styringsgruppa sitt førre møte, 25. februar.

Måndag 25. februar hadde Styringsgruppa møte der dei mellom anna drøfta aktuelle saker som skal opp for Fellesnemnda torsdag 7. mars.

Under eventuelle saker vart det diskutert arbeid med delegeringsreglement i nye Volda, og korleis prosessen med nye, endra eller vidareføring av organisasjonsnummer for den nye kommunen vert.

Referatet frå møtet finn du her: Møtereferat 25.02.19