Styringsgruppa: referat 25. mars 2019

Dette vart diskutert under Styringsgruppa sitt førre møte, 25. mars.

Torsdag 4. april skal Fellesnemnda møtast på nytt, og i forkant av dette møtet møttest Styringsgruppa sist måndag for mellom anna å setje opp aktuelle saklister på sakskartet.

I tillegg gjekk styringsgruppa gjennom ROS-analysen for sjølve samanslåingsprosjektet, som vart utarbeidd i fjor vår. Denne vart oppdatert basert på erfaringane det siste året.

Utover dette nemnde prosjektleiaren at «nye» Volda kommune må vurdere å søke på eventuelle prosjektskjønsmidlar for 2020, der søknadsfristen er 1. juni i år.

Du kan lese heile referatet, med oppdatert ROS-analyse, her: Referat 25.03.2019