Styringsgruppa: referat 26. august 2019

Styringsgruppa møttest for å planlegge saker som skal opp i Fellesnemnda 5. september.

Torsdag 5. september er det klart for første møte i Fellesnemnda etter sommarferien, og det nest siste møtet i samanslåingsprosjektet før det nye kommunestyret skal ta over.

Som vanleg møttest derfor den administrative styringsgruppa i framkant for å planleggje sakene som skal handsamast av politikarane.

Følgjande saker vart førebels sett opp på sakslista:

  • Økonomisk rapportering
  • Frivilligsentral i nye Volda
  • Forskrift for vatn og avløp
  • Retningsliner for grendeutval
  • Marginavsetning skatt

I tillegg vart det sett opp desse orienteringssakene:

  • Presentasjon av ordførarkjede
  • Velferdsteknologi
  • Notat om klima
  • Promovideo for nye Volda
  • Kulturbygging – markering i samband med samanslåinga

Voldadag og promovideo

Elles i møtet vart det diskutert Volda kommune si deltaking på Voldadagen 7. september. Kommunen vil stille på denne dagen, som tidlegare år denne dagen har vorte arrangert.

Kommunikasjonsrådgjevar Joakim Rødven gav også ei kort orientering om eit videoprosjekt som har vorte starta, som skal vere ferdig før juletider.

Vidare vart det kort diskutert nye reglement i den nye kommunen, samt nokre korte opplysningar om Fellesnemnda i oktober, konstituering av nytt kommunestyre og folkevaldprogram til hausten.

Her finn du referat frå møtet i styringsgruppa.