Styringsgruppa: referat 29.04.2019

Dette diskuterte Styringsgruppa sist måndag.

Torsdag neste veke er det nytt møte i Fellesnemnda. I det høvet møttest den administrative styringsgruppa måndag, mellom anna for å planleggje kva saker som skal opp.

Saker som førebels vart sett opp er:

  • Lovlegkontroll om vedtak av skulekrinsgrense
  • Bruken av Smia
  • Profileringsmateriell i ny kommune
  • Grafisk profilhandbok
  • Orienteringar
    • Oppdatert ROS-analyse
    • KS Folkevaldprogram

Andre saker kan kome til i løpet av veka.

I tillegg drøfta styringsgruppa prosessen knytt til nytt organisasjonsnummer. Ei komplett liste over nummer som skal avsluttast eller vidareførast må sendast til Kommunal- og moderniseringsdepartementet innan 1. september.

Hornindal-rådmann Ann Kristin Langeland orienterte også om arbeidet som pågår i samband med kulturavdeling i nye Volda kommune.

Les heile referatet her!