Styringsgruppa: referat 3. juni 2019

Dette vart diskutert i styringsgruppa måndag 3. juni.

Tysdag 18. juni er det klart for siste møte i Fellesnemnda før sommarferien, og det nest siste møtet i Fellesnemnda før det nye kommunestyret for «nye» Volda tek over.

I forkant av dette møtet hadde den administrative styringsgruppa eit møte for å mellom anna setje opp saker til det komande Fellesnemnd-møtet.

I tillegg vart det gjort diverse statusoppdatering rundt saker som gåvefond, NAV, landbruk og situasjonen på personalkontoret i Hornindal kommune.

Heile referatet frå møtet kan du lese her: Møtereferat 03.06.2019