Styringsgruppa: Referat 5. april 2018

Eigedomsskatt, kontorkapasitet og saker til fellesnemnda var nokre av sakene som vart tekne opp.

Om nesten to veker er det nytt møte i Fellesnemnda, og i det høvet møttest den styringsgruppa – mellom anna for å setje opp saker til det komande møtet i Fellesnemnda.

I tillegg var det fleire administrative saker som vart teke opp.

Mellom anna vart det teke opp saker som til dømes harmonisering av eigedomsskatt i Hornindal og Volda, kontorkapasitet ved dei to rådhusa og ei statusoppdatering på kommunale avtalar.

I del to av møtet utførte styringsgruppa ei ROS-analyse (Risiko- og Sårbarheitsanalyse) av ei rekkje «negative hendingar» som kan skje i løpet av samanslåingsprosessen.

Resultatet av denne analysen vil bli presentert for Fellesnemnda i møtet 7. mai.

Fullt møtereferat finn du her: Møtereferat

%d bloggers like this: