Styringsgruppa: referat frå møte 28. september

Kort utdrag frå sist møte i den administrative styringsgruppa.

Prosjektleiar Rune Sjurgard innleiia møtet med ei statusoppdatering på følgjande område:

  • Rekruttering av utlysing av IKT- og arkivressursar, i tillegg til helse og omsorgssjef.
  • Administrativ hovudstruktur (leiargruppa i den nye kommunen)
  • Kulturbygging
  • Kommunikasjon/informasjon
  • ROS-analyse (Risiko- og sårbarheitsanalyse)
  • Kartleggingsrapportar
  • Omstillingsavtalar

Eit enormt arbeid som både Volda og Hornindal står føre no, er å få ei oversikt over alle avtalar som kommune har, og deretter vidareføre dei avtalane som skal vidareførast. Dette gjev samtidig begge kommunar ei mogelegheit til å rydde opp der det trengs.

Fullt møtereferat finn du her, og på sida for dokument og protokollar.