Styringsgruppemøte 1. mars 2018

I går, torsdag, var det ei lang sakliste som Styringsgruppa gjekk gjennom.

På sakskartet var det teikna opp heile 11 saker, i tillegg til posten «eventuelt», då den administrative styringsgruppa møttest på den første dagen i vårmånaden mars.

Temaa som vart drøfta var:

  • Framdriftsplan på personalområdet
  • Omstillingsutval for Nye Volda fram til 2020
  • Drøftingsmøte med hovudtillitsvalte (ny administrativ hovustruktur)
  • Retningsval for interkommunale samarbeid
  • Prosess på kontorlokale
  • ROS-analyse for samanslåingsprosessen
  • Nytt/nye organisasjonsnummer
  • Nye næringar på gamle tufter
  • Like vegnamn i Hornindal og Volda
  • Informasjon etter møte med Sunnmøre Museum (Anders Svor museum).
  • Ajourføring av prosjektplan
  • Eventuelt
    • Avlevering av arkiv
    • Erfaringsseminar på Gardermoen
    • Tannhelseteneste
    • Personvern
    • Domstol
    • Sommarfest for kommunetilsette og politikarar
    • Informasjon om vidaregåande skular
    • Presentasjon av ny tilsett (Paul Ottar Tornes)
    • Mandat for konsulentbistand i helse og omsorg

For utfyllande detaljar om kvart enkelt punkt, sjå fullt møtereferat her: Referat frå møtet 01. mars 2018 styringsgruppa