Ta del i budsjettprosessen

Kva meiner du om kommunen sine inntektene og utgifter?

No har du sjansen til å seie ifrå til dei folkevalde!

Rådmann Rune Sjurgard la fram eit forslag på korleis kommunen skal bruke pengane dei neste åra torsdag 7. november, der det vart signalisert at det er behov for å redusere utgifter med 46,6 millionar kroner innan 2023.

Torsdag den 12. desember skal dei folkevalde handsame  budsjett for 2020 og økonomiplan for perioden 2020-2023. Då håper vi at du kjem med innspel.

Her finn du oversikt og nøkkeltal i kommmunebudsjettet, som kan vere nyttig å setje seg inn i.

Kom også gjerne på folkemøte om kommunebudsjettet, som vert arrangert på samfunnshuset i Volda 3. desember klokka 18.00.