Tid for å søkje om tilskot frå spelemidlane

Fristen er sett til 1. oktober 2019.

I desember skal kommunen sitt handlingsprogram for 2020 rullerast. I det høvet kan lag og organisasjonar søke om tilskot frå spelemidlane til diverse anlegg.

For å kunne søkje om tilskot frå spelemidlane til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i nye Volda kommune for 2020 må prosjektet vere med i kommunen sitt handlingsprogram.

Det kan søkjast innan anleggskategoriane:

  • Anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv
  • Nærmiljøanlegg

Aktuelle søkjarar kan vere idrettslag, velforeiningar, grendalag, aksjeselskap, stiftelsar, studentsamskipnader, kommunar, fylkeskommunar m.fl.

Handlingsprogrammet skal vedtakast av kommunestyret den 12.12.2019, og frist for å melde inn nye prosjekt til dette programmet er sett til: 01.10.2019.

Forslag til nye prosjekt og omtale av desse skal vere skriftlege og sendast som brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda eller på e-post til postmottak@volda.kommune.no

Fotokreditering: Tore Sørheim