Tiltrer som personalsjef i Hornindal

Fram til nyttår vil Berit Lyngstad vere personalsjef i både Volda og Hornindal.

Personalrådgjevar i Hornindal, Martin Agnar Dahl, har sagt opp stillinga si og avsluttar i kommunen i løpet av sommaren.

I høve sektororganiseringa av stab- og støttefunksjonar har det vorte gjort ulike vurderingar, som har landa på at Berit Lyngstad vil tiltre som personalsjef i Hornindal frå 01.08.2019.

Lyngstad vil vere ein dag i veka i Hornindal, og vil der ha ansvar for overordna saker. I tillegg er dette eit fint høve for ho til å bli betre kjent med tilsette i Hornindal.

Det vert jobba med ulike løysingar knytt til å følgje opp dei daglege personalsakene i Hornindal.