To møter med Fylkesmannen

Grensejustering og vidare arbeid med samanslåingsprosessen var tema då Fylkesmannen kom på besøk fredag.

Ein delegasjon på fire pesonar frå Fylkesmannen vitja i dag Ørsta og Volda for å diskutere fleire saker i samband med kommunesamanslåinga av Volda og Hornindal.

Først på agendaen var det eit møte med Ørsta, Volda, Hornindal og Fylkesmannen, der temaet var grensejustering av Bjørke og Viddal.

– Det var litt alvorleg stemning, men det var forventa, oppsummerte Stig Olav Lødemel, leiar i Fellesnemnda, etter møtet.

Diskuterte vidare arbeid i «nye» Volda

Etter dette møtet, som vart heldt på Ørsta rådhus, gjekk turen vidare til Volda rådhus. Der var rådmennene og ordførarane i Hornindal og Volda til stades saman med Fylkesmannen sin delegasjon.

(Saka held fram etter biletet)

Her vart det orientert om samanslåinga så langt, samt at det vart gått gjennom vegen vidare i samanslåinga.

– Det var eit godt møte der vi fekk orientere om kvar vi står og va utfordringar vi har framover. Fylkesmannen ga oss gode tilbakemeldingar som jo er ein motivasjon på vegen vidare, seier prosjektleiar for samanslåinga av kommunane, Rune Sjurgard.

Sjurgard legg også til at Fylkesmannen er positive til å bistå der samanslåingsprosjektet treng ekstra drahjelp.

– Til dømes er god kollektivtrafikk mellom Grodås og Volda ei av dei viktigaste sakene, legg Sjurgard vekt på.

Frå Fylkesmannen møtte:

  • Ass. Fylkesmann Rigmor Brøste
  • Prosessrettleiar (kommunereform), Vigdis Rotlid Vestad
  • Direktør Justis- og beredskap, Helge Mogstad
  • Seniorrådgjevar Justis- og beredskap, Frida Farstad Brevik