To nye stillingar i Oppvekst-sektoren

Det er oppretta to nye stillingar som avdelingsleiar barnehage og avdelingsleiar skule.

Avdelingsleiar barnehage får ansvaret for barnehagane, medan avdelingsleiar skule får ansvar for grunnskulane, kulturskulen og logoped.

Saman med avdelingsleiarane for barnevern, helsestasjon og vaksenopplæring og integrering, vil avdelingsleiar barnehage og avdelingsleiar skule utgjere leiargruppa i sektor for oppvekst.

Kommunalsjefen søker etter deg som har lyst, evne og kraft til å utvikle barnehagane og skulane i nye Volda kommune.

Alle i Volda og Hornindal kommunar som er tilsette innanfor det som vert ny sektor for oppvekst har høve til å søke.

Lenke til søknadsskjema finn du på Hornindal og Volda kommunar sitt intranett. Atlernativt kan du ta kontakt med servicekontora i dei to kommunane for å få tilsendt lenke til søknadsskjema.

Søknadsfrist: 06.05.2019

For fleire opplysningar kring stillinga: Kommunalsjef Per Ivar Kongsvik tlf 905 36 757 eller per.ivar.kongsvik@volda.kommune.no