Tornes tilsett i Nye Voldas prosjektorganisasjon

Nye Volda har tilsett ny prosessleiar innanfor IKT/digitalisering. 

Denne hausten har administrasjonen vore på jakt etter ein ny tilsett som prosessleiar for IKT/digitalisering. Etter at intervjurunda var over, falt valet på Paul Ottar Tornes.

Han har no også takka ja til stillinga. Paul Ottar er i dag tilsett som Strategisk leiar IKT for Nordfjordkommunene, og vil starte i ny jobb 1. mars 2018.

– Dette gler eg meg veldig til. Eg er så heldig at eg kjenner ein del frå Hornindal kommune gjennom den jobben eg har no, og så kjenner eg også litt til Volda. Vi har mykje godt arbeid framfor oss, men eg har trua på eit godt samarbeid og ein god dialog. Så dette blir kjekt for begge partar, seier Tornes.

Vi ønskjer Paul Ottar lukke til med ny jobb i starten av mars!