Torsdag er det konstitueringsmøte

Det nye kommunestyret vert konstituert på torsdag. Desse sakene skal handsamast.

I førre veke var det duka for det aller siste møtet i Fellesnemnda for nye Volda. Frå og med komande torsdag skal kommunestyret for den nye kommunen konstituerast.

Dei valde politikarane møttest 1. oktober for å velje ei mellomebsl valnemnd, men det er først i dette møtet at kommunestyret vert konstituert.

Kommunestyret vil med det også avløyse Fellesnemnda og ta over den politiske styringa i samanslåingsprosjektet fram til den nye kommunen vert etablert.

Desse 33 politikarane sit i Kommunestyret.

Det betyr følgeleg at det skal veljast ordførar, varaordførar, formannskap, kontrollutval og tenesteutval for perioden 2019-2023.

Møtet startar klokka 14.00, og vert heldt i kommunestyresalen på Volda samfunnshus.

Alle saksdokumenta til kommunestyremøtet ligg tilgjengeleg på Volda kommune si heimeside.

Sakliste

  • 03/19 Godkjenning av innkalling og sakliste
  • 04/19 Godkjenning av protokoll
  • 05/19 Godkjenning av valoppgjer – kommunestyrevalet 2019
  • 06/19 Val av formannskap for perioden 2019-2023
  • 07/19 Val av ordførar for perioden 2019-2023
  • 08/19 Val av varaordførar for perioden 2019-2023
  • 09/19 Val av kontrollutval for perioden 2019-2023
  • 10/19 Val av tenesteutval for forvaltning og utvikling (TFU) for perioden 2019 – 2023
  • 11/19 Val av tenesteutval for oppvekst og kultur (TOK) for perioden 2019-2023
  • 12/19 Val av tenesteutval for helse og omsorg (THO) for perioden 2019-2023
  • 13/19 Val av valutval for perioden 2019-2023 19/15172
  • 14/19 Val av utsending til Kommunesektorens interessorganisasjon sine organ 2019 -2023
  • 15/19 Val av styre, råd og utval for perioden 2019-2023
  • 16/19 Selskapskontroll Volda og Ørsta reinhaldsverk IKS (VØR)
  • 17/19 Val av målform i samband med kommunesamanslåinga

Ikkje høve til å kome på møtet?

Møtet vert direktesendt på Volda kommune sitt web-tv.