Treff for unge vaksne i Austefjord, Hornindal og Bjørke

Søndag var om lag 30 unge vaksne og 7-8 born samla i Austefjorden for å knyte kontakter med kvarandre.

Dei frammøtte kom frå høvesvis Austefjord, Bjørke og Hornindal. På treffet vart tre tema vald ut til vidare diskusjon:

  1. Skule og barnehagedrift
  2. Fritid, lag og organisasjonar
  3. Etablering og busetnad

Ifølgje Odd Harald Sundal, var det tydeleg at det vart knytt kontakter og det kan vere spire til kjennskap og vennskap mellom dei unge vaksne frå dei tre bygdelaga.

I oppsummeringa frå arrangørhaldet heiter det at alt i alt trefte arrangementet ei god nerve i samkvemet mellom dei unge i dei 3 bygdelaga.

– Eg må sei at eg har ei god oppleving av å sjå nye band bli knytt mellom dei unge familiane. Diskusjonar og drøsen stod laust, og mange vart sitjande att og prate etter vi hadde runda av oppsummeringa. Heilt etter intensjonen med møtet, seier Sundal.

(saka held fram under biletet)

Etter samlinga vart dei tre samtaleemna oppsummert. Ifølgje Sundal var oppsummeringa av samlinga som følgjer:

Skule og barnehagedrift:

  • Foreldre frå Austefjord reagerer på korleis skulesaka vert framstilt i media. Dei opplever at når det er snakk om skulestruktur, innsparing og «ødsling» med kommunale kroner vert Austefjord skule nytta som visuelle verkemiddel, som bidreg til å setje skulen i eit dårleg lys.
  • Det vart lagt fram eit ønske om ein meir ryddig og open prosess med tanke på Bjørkeelevane.
  • Foreldre frå Austefjord trekte fram at det er vanskeleg å sjå føre seg ein skulekvardag i Hornindal, så sant eit stort fleirtal av austefjordingar har sitt daglege verke i Volda og Ørsta sentrum.
  • I høve debatten om skulane i Hornindal og Austefjord la honndølane vekt på at dei ikkje har eit ønske om å leggje ned skulen i Austefjord. Dei er klare på at for dei har ikkje vore anna behov enn å ha ein teneleg skule på Grodås.

Fritid, lag og organisasjonar:

  • Ein vil arbeide for å få realisert ein treffstad for mekkeinteresserte ungdom.
  • Alle tre bygdelaga vil bli flinkare å støtte opp om dei ymse aktivitetane og arrangementa til kvarandre – særleg viktig er dette når målgruppa er born og unge.
  • Ein vil prøve å få i stand bygdacupar i fotball og liknande.

Etablering og busetnad:

  • Det er svært uheldig med hus og gardsbruk utan fast busetnad. Målstyrt bruk av buplikt. Honndølane trekte fram behovet for nye byggeklare tomter, og alle var klare på at store tomter med «noko attåt» var mest attraktivt.
  • Ras-sone-problematikk og gode inndekningsordningar til utgifter knytt til geologiske undersøkingar innanfor dette feltet vart og trekt fram som viktig å ta tak i.