Utlegging av manntal – valet 2019

Snart er det kommunestyre- og fylkestingval. For å kunne røyste må du stå i manntalet.

Valdagen er 9. september og du kan stemme på førehand i perioden 1. juli – 6. september.

For å kunne stemme må du stå i manntalet. Manntalet er eit register over dei som har stemmerett.

Desse har stemmerett:

  • Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2019 og som er, eller har vore registrerte som busette i Noreg.
  • Statsborgarar i andre nordiske land som har fylt 18 år innan utgangen av 2019, og som har vore registrerte som busette i Noreg seinast 30. juni 2019.
  • Andre utanlandske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2019, og som har vore registrerte som busette i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busett i Noreg, skal dei manntalsførast i Oslo kommune.

Korleis veit eg om eg har stemmerett?

Du blir innført i manntalet i den kommunen du er registrert i Folkeregisteret som busett 30. juni 2019.

Du kan kontrollere om du er innført i manntalet ved å ta kontakt med servicekontora på rådhuset i Hornindal eller Volda via;

Kva gjer eg om eg ikkje står i manntalet?

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene som er lagde ut, kan du klage til valstyret som skal oppdatere manntalet.

Klaga skal vere skriftleg.

Adressa til valstyret er: Volda kommune v. valstyret, Stormyra 2, 6100 Volda

Utleggingsmanntal er ei oversikt over dei som har røysterett til kommune- og fylkestingsvalet 9. september.

Det blir lagt ut manntal på servicekontora frå 16. juli og fram til valdagen.

Stig Olav Lødemel
Leiar i valstyret