Val 2019: Her kan du røyste

Oversikt over alle vallokale du kan røyste i – både før og på valdagen.

Måndag 9. september er det valdag der røysteføre har høve til å røyste på dei kandidatane dei ynskjer skal styre både i heimkommunen og i heimfylket.

Om du allereie veit kven du skal røyste på, kan du levere røysta di allereie no.

Her er nyttig informasjon om korleis du gir di røyst ved valet i «nye» Volda kommune.

Førehandsrøysteperioden

Ved kommune- og fylkestingsvalet 2019 vert det høve til førehandsrøyste frå 12. august til 6. september.

Husk legitimasjon, og ta gjerne med valkortet! Valkortet er ikkje eit krav, men det gjer røystinga lettare og raskare for både deg og oss.

I førehandsperioden kan du også røyste i alle førehandsrøystelokale i heile landet. Du finn ei oversikt over alle røystekolale på Valdirektoratet si heimeside.

Opningstider

Volda rådhus og kommunehuset Smia – servicekontoret:

  • Måndag 12.08. – t.o.m. fredag 23.08. frå kl. 09.00-15.00
  • Måndag 26.08. – t.o.m. fredag 06.09. frå kl. 08.30-15.30

Utvida opningstider Volda rådhus:

  • Torsdag 29.08, mandag 02.09, tysdag 03.09, onsdag 04.09 og torsdag 05.09 langope til kl. 18.00
  • Laurdag 31.08 ope frå kl. 11.00-14.00

Utvida opningstider kommunehuset Smia:

  • Onsdag 04.09 og torsdag 05.09 langope til kl. 18.00
  • Laurdag 31.08 ope frå kl. 11.00-14.00

Valdagen 9. september

På valdagen kan du berre røyste i den kommunen du er registrert som busett pr 30. juni 2019. Du kan fritt velje å røyste ved eitt av dei seks vallokala i kommunen.

Innbyggjarar i (nye) Volda kommune kan røyste ved følgjande stadar på valdagen:

  • Austefjord skule kl. 12.00-18.00
  • Dalsfjord skule kl. 12.00-18.00
  • Folkestad skule kl. 12.00-18.00
  • Kommunehuset Smia kl. 12.00-20.00
  • Mork skule kl. 12.00-18.00
  • Volda samfunnshus, 1. etg. kl. 9.00-20.00