Valstyret for nye Volda: Protokoll 01.11.2018

Her er protokollen frå første møtet i Valstyret for nye Volda.

Valstyret skal syte for at kommunevalet vert avvikla etter lovverket, og er sett saman av dei same politikarane som sit i Fellesnemnda.

Samstundes som møtet i Fellesnemnda 1. november hadde Valstyret sitt første møte, der det skulle røystast over tre saker:

  • Delegering av oppgåver og mynde
  • Valkrinsar, røystelokale og opningstider på valdagen under kommune- og fylkestingsvalet 2019
  • Innføring av elektronisk manntal på valdagen under kommune- og fylkestingsvalet 2019

Valstyret var samrøystes om tilrådinga frå administrasjonen i alle tre sakene.

Protokoll finn du her: Protokoll