Valstyret: Innkalling 1. november 2018

Torsdag møtes valstyret for nye Volda kommune for første gong.

Valstyret er sett saman på same måte som Fellesnemnda, og skal syte for at valet vert gjennomført etter lovverket.

Møtet vil bli heldt samstundes som møtet i Fellesnemnda 1. november i Honndalshallen.

Sakliste til møtet: Innkalling

Valstyrets viktigaste oppgåver er:

  • føring av manntall og utsending av valkort
  • godkjenning av listeforslag ved kommunestyreval
  • handsaming av søknadar om fritak for å stå på liste ved kommunestyreval
  • organisering av førehandsrøysting i kommunen
  • organisering av valet på valgdagen, herunder fastsetting av røystestadar og opningstider for desse stadane
  • organisering av opptelljing av røystene
  • varsling av valde representantar og vararepresentantar til kommunestyret om resultatet