Valstyret: oppsummering 9. mai 2019

Slik vart vedtaka under møtet i valstyret.

Torsdag møttest valstyret for å godkjenne vallister for det komande kommunevalet, i tillegg til at det skulle veljast røystestyre i dei ulike krinsane.

Det skulle også vedtakast ein plan for førehandsrøysting.

Slik vart utfalla av sakene:

Godkjenning av vallister kommunevalet 2019

Alle dei 11 vallistene vart godkjende. Dette gjeld valliste for Arbeiderpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Miljøpartiet Dei Grøne, Partiet De Kristne, Raudt, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Volda-lista.

Val av røystestyre kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

Valstyret røysta individuelt over røystestyra ved kvar krins. Alle røystestyra vart samrøystes vedtekne.

Røystekrinsane vil verte Hornindal, Mork, Austefjord, Folkestad, Dalsfjord og Øyra.

Medlemer i røystastyra vil bli gjort tilgjengeleg i den endelege protokollen frå møtet.

Plan for førehandsrøysting ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

Eit samrøystes valstyre vedtok at tidlegrøyster vil kunne skje ved rådhuset i Volda og ved kommunehuset Smia frå 1. juli til og med 9. august.

Førehandsrøyster kan leverast ved rådhuset i Volda og ved kommunehuset Smia frå 12. august til og med 25. august.

Det vil verte utvida opningstider for mottak av førehandsrøyster på utvalde dagar. Detaljar vert å finne i endeleg protokoll.

I tillegg vil det verte mottak av førehandsrøyster ved Høgskulen i Volda, Volda vidaregåande skule og helse- og omsorgsinstitusjonar i Volda og Hornindal. Dette er planlagt til siste del av veke 34, i veke 35 og 36.