Valstyret: Protokoll 04.04.2019

I forkant av Fellesnemnd-møtet torsdag ettermiddag, vedtok valstyret lokale fristar for valet 2019.

Det vart eit kort og greitt møte i valstyret, med berre «Fastsetting av lokale fristar ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019» på saklista.

Valstyret gjorde kort prosess og vedtok administrasjonen si tilråding uten merknadar.

Det vil seie at følgjande fristar vil gjelde for kommunestyre- og fylkestingvalet i haust:

  1. Frist til å søkje fritak frå listeframlegget vert sett til 24. april 2019.
  2. Frist for at partiet kan bestille røystesetlar vert sett til 01.06.2019.
  3. Frist for at partiet kan bestille manntal vert sett til 29.08.2019.
  4. Søknadsfrist for ambulerande røystegiving vert sett til 3. september 2019, kl. 10.00.
  5. Frist for å ikkje motta valet vert sett til 3 dagar etter at ein har fått melding om valet.

Heile protokollen finn du her: Protokoll: valstyret 20190404