Vann designkonkurranse for venebenkar

To kreative jenter fekk premie for å ha teikna Nye Voldas venebenkar.

I fjor starta Nye Volda å jobbe med eit prosjekt med å lage to venebenker, der den eine skulle lagast i Volda og plasserast i Hornindal – og den andre skulle lagast i Hornindal og plasserast i Volda.

Prosjektet starta hos dei to frivilligsentralane i Hornindal og Volda, før Temakomiteen for kulturbygging har vidareført arbeidet.

For å avgjere korleis venebenkane skulle sjå ut, vart skuleelevar i Volda og Hornindal inviterte til å sende inn sine forslag.

Vinnarane av denne konkurransen er trekt ut, og vinnarane vart Amalie Utvær Nesdal (Hornindal) og Ragna Hofset Kile (Volda).

Vi gratulerer dei to vinnarane med premie, og takkar samtidig alle som deltok med kjempeflotte bidrag!

Dei to skissene til benkane skal bli forma og sett ut i live så snart dei er ferdiglaga. Dette blir forhåpentlegvis rett før, eller etter, juleferien.