Vedtok nytt ordførarkjede for «nye» Volda

Her er ei oppsummering av årets første møte i Fellesnemnda.

Torsdag hadde Fellesnemnda for nye Volda sitt første møtet for 2019. Møtet vart heldt på Ulvestad skule.

Til møtet var det tre saker som skulle opp til handsaming:

  1. Uttale frå Fellesnemnda om justering av helseføretaksgrenser
  2. Høyringsuttale om justering av bispedømegrenser
  3. Nytt ordførarkjede.

Fellesnemnda var samde om alle sakene og vedtok samrøystes alle tre sakene.

Det betyr at mellom anna at Fellesnemnda for nye Volda ønskjer at den nye kommunen skal høyre til Helse Midt og at Fellesnemnda ønskjer at bispedømegrensene følgjer fylkesgrensa.

I tillegg vedtok Fellesnemnda at Heraldikk-komiteens forslag til nytt ordførarkjede er det som skal pryde ordførarskuldrene frå og med 2020.

Skisse til ordførarkjede – Nye Volda

Nokre av sakene har fått delvis reviderte vedtak, etter nye framlegg frå administrasjonen i møtet.

Valde retning for grafisk profil

I orienteringssakene valde Fellesnemnda å gå for alternativ tre i den grafiske profilen. Dette tek utgangspunkt i konseptet «der teknologi og tradisjon møtest». Alle i Fellesnemnda var samde om at dette var det alternativet, av dei tre som vart presenterte, som var det beste.

Vidare valde Fellesnemnda å avvente prosessen om nytt slagord, slik at det i større grad kan koplast til den endelege profilen for kommunen.

Fellesnemnda vart også orientert om prosessen med kommuneoverlege, fibersamband mellom Volda rådhus og kommunehuset Smia og at det er sendt ut konkurranse for økonomisk utgreiing i samband med grensejustering av Bjørke og Viddal.

Ein fullstendig protokoll vert gjort tilgjengeleg så snart den er godkjent og ferdigstilt.