Vedtok prosjektplan for velferdsteknologi

Fellesnemnda godkjente prosjektplanen om velferdsteknologi i nye Volda.

Torsdag var det lagt fram ei sak om velferdsteknologi for Fellesnemnda.

«Prosjekt velferdsteknologi – meistring og tryggleik heile livet» er eit fireårig prosjekt som har som mål å auke bruk av velferdsteknologi slik at innbyggar med ulike helseutfordringar i nye Volda får betre høve til å meistre sin eigen kvardag og bu heime lengst mogleg.

Prosjektet har også som mål å gje auka tryggleik for pårørande og bidra til at omsorgskapasiteten og berekrafta i helse- og omsorgstenestene våre held seg oppe i åra som kjem.

Etter å ha orientert Fellesnemnda om prosjektet, og svara på spørsmål som politikarane hadde, vart prosjektplanen samrøystes godkjent.

Dette inneber også at det kan tilsettast ein prosjektleiar i 80 prosent stilling som vil kunne jobbe dedikert til dette prosjektet i perioden 1. januar 2019 til 31. desember 2020.

Kommunalsjef for Helse og omsorg, Svein Berg-Rusten, var derfor svært glad etter vedtaket.