Vil du prøve deg som rådmann?

Test ut KS Ung sitt kommunespel «Snasen» og bygg di eiga kommune.

Å vere rådmann er ein stor og viktig jobb i ei kvar kommune. Fram mot 1. januar 2020 skal Rune Sjurgard og hans prosjektorganisasjon etablere ei ny kommune.

For å få ei litt større forståing for kva ein rådmann gjer i kommunen, så har KS Ung laga kommunespelet Snasen.

Har du lyst å teste korleis du gjer det som ein rådmann? Prøv spelet sjølv på KS si heimeside!

Spelet er gratis og kan spelast både på PC/Mac eller nettbrett. Dette spelet passar for både unge og gamle, og kan spelast med tre ulike vanskelegheitsgrader 🙂