Vil gjenbruke fire motiv frå Hornindal sitt ordførarkjede

Heraldikk-komiteen har landa dei motiva som dei ønskjer ordførarkjedet skal prydast med.

Måndag denne veka hadde temakomiteen for heraldikk sitt første møte etter sommarferien.

På dette møtet landa komiteen kva for nokre motiv som skal pryde ordførarkjedet i nye Volda kommune.

Komiteen gjekk inn for følgjande symbol:

  • Bok
  • Klinkbygd båt
  • Fele
  • Fyr
  • Honndalsrokken (fjell i Hornindal)
  • Lisje-Toren (fjell i Volda)
  • Skulptur frå Svor-museet (endeleg motiv vert avgjort seinare)
  • Vevstol
  • Høvel
  • Idrettsmotiv (hopp og fotball)

Gjenbruk av motiv

Av desse motiva, vil nokre bli brukt opp att frå det eksisterande ordførarkjedet frå Hornindal.

Dei motiva som komiteen ønskjer å vidareføre er fele, vevstol, idrett og høvel.

Utanom desse fire motiva, vil motiva fyrlykt, båt, Honndalsrokken, Lisje-Toren, skulptur og bok bli nyteikna.

Komiteen tek likevel atterhald om eventuelle mindre endringar.

Kva skjer framover?

Komiteen tek sikte på å ha eit avsluttande møte rundt midten av oktober. Før den tid skal medlemmene i komiteen kome med kommentarar til skisse av ordførarkjedet og notat frå arbeidet.

Når design og utforming er klart, vil så komiteens forslag sendast vidare til Fellesnemnda for handsaming.

Referat frå møtet i Heraldikk-komiteen kan du lese her: Møtereferat