Vil samarbeide om barnevernsteneste

Fellesnemnda vedtok intensjonsavtale om samarbeid mellom Volda og Sande kommune.

Sande kommune vurderer å slutte seg til den interkommunale barnevernstenesta, der Hareid, Hornindal, Ulstein, Volda og Ørsta er med. Volda er vertskommune for samarbeidet.

Etter eit møte mellom dei to kommunane sine ordførarar, rådmenn og leiarar for barnevernstenesta i 2018, fekk Volda kommune eit svar frå Sande om at dei var positive til å diskutere dette nærmare.

Samarbeid 2019

Det er lagt fram eit forslag til intensjonsavtale om samarbeid. Denne viser til eit ynskje om å samarbeide mellom tenestene til det beste for brukarar, tilsette og kommunane som politiske og administrative einingar.

Formålet er å etablere eit formalisert samarbeid 01.01.2020, når nye Volda kommune vert etablert.

Denne intensjonsavtalen vedtok Fellesnemnda samrøystes på møtet på Folkestad den 7. februar.

Statlege styrkingsmidler

Dette samarbeidet har også Fylkesmannen i Møre og Romsdal vore positiv til.

Med dei opplysningane som har blitt gitt til Fylkesmannen, om at ein vil inngå ein intensjonsavtale om å opprette interkommunalt samarbeid, har Fylkesmannen tildelt statlege midlar tilsvarande ei 50% stilling.

Desse midlane skal gå til arbeidet med samanslåingsprosessen.

Om du vil lese heile saksframlegget, kan du lese den her: Saksliste til Fellesnemnda 07.02.2019