Vinnarane av julekalenderen

Då er årets julekalender over, og her er vinnarane.

Svaret på luke nr 24: Det blei endeleg vedteke på Stortinget at Hornindal og Volda skulle samanslåast den 8. juni 2017.

I år har det vore mange dyktige deltakarar, der mange deltok i mange av lukene og samla mange «lodd». Nokre deltok sjeldnare, men svarte også rett dei gongene dei deltok.

I alt har det vore 461 rette svar (eller lodd), og vi har no trekt tre heldige vinnarar i kalenderen som har samla på eitt eller fleire lodd i løpet av kalenderen.

Vi ynskjer å gratulere følgjande:

  1. Vibeke Korsnes Sundal
  2. Odd Pedersen
  3. Anita Seljeseth

Vinnarane vert kontakta for avtaling om henting av premie.

Vi ynskjer alle ei rett så fin romjul – og eit godt nytt år 🙂