VØR: Tømmekalender for Hornindal

Her vert det tømt søppel hos VØR.

Slik vert kalenderen for søppelhenting i dagens Hornindal etter årsskiftet.

Det nærmar seg nyttår, som betyr at VØR ganske så snart vil ta over søppeltømming for innbyggjarar i Hornindal som i dag er NOMIL-kundar.

I det høvet ynskjer VØR å informere om tømmekalender frå nyåret, der dagens Hornindal har fått rute 15.

– Vi tek sikte på å få sendt kalender, sorteringsguide, informasjonsskriv og brosjyrar til innbyggjarane i Hornindal, slik at desse dukkar opp i postkassar forhåpentlegvis innan fredag. Vi har også lagt ut kalendrane på nettsida vår, opplyser VØR.

Her er vedlegg til VØR sin tømmekalender for rute 15, som du også kan finne på VØR si heimeside.