Bakgrunn for samanslåing

Kommunereforma i Norge er ei reform av kommunestrukturen i Norge. Reforma vart sett i gang 3. juli 2014 som eitt av dei politiske prosjekta til Erna Solberg si regjering.

Reforma vart samrøystes vedteken av Stortinget 9. juni 2015, og legg opp til at kommunar vert slegne saman innanfor ei tidsramme fram mot 2020.

1. januar 2017 vart talet på kommunar i Norge redusert fra 428 til 426 medan fleire samanslåingar skjedde frå 1. januar 2018.

Dei siste samanslåingane i denne reforma er planlagt vil skje frå 1. januar 2020.

Regjeringa sine uttalte mål med reforma er:

  • Gode og likeverdige tenester til innbyggjarane
  • Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling
  • Berekraftige og økonomisk robuste kommunar
  • Styrka lokaldemokrati

Kommunane fekk eit utgreiingsansvar og resultatet av prosessen i Volda var at kommunestyret 28. juni 2016 gjorde vedtak om at Volda skal slå seg saman med Hornindal kommune.

Fylkesmannen følgde opp dette vedtaket med tilråding om samanslåing av Volda og Hornindal den 1. oktober 2016.

Endeleg vedtak i Stortinget vart gjort 8. juni 2017.

Intensjonsavtalen om samanslåing av Hornindal og Volda kommunar finn du her.