Bakgrunn for samanslåing

Kommunereforma i Norge er ei reform av kommunestrukturen i Norge. Reforma vart sett i gang 3. juli 2014 som eitt av dei politiske prosjekta til Erna Solberg si regjering.

Reforma vart samrøystes vedteken av Stortinget 9. juni 2015, og legg opp til at kommunar vert slegne saman innanfor ei tidsramme fram mot 2020.

1. januar 2017 vart talet på kommunar i Norge redusert fra 428 til 426 medan fleire samanslåingar skjedde frå 1. januar 2018.

Dei siste samanslåingane i denne reforma er planlagt vil skje frå 1. januar 2020.

Regjeringa sine uttalte mål med reforma

  • Gode og likeverdige tenester til innbyggjarane
  • Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling
  • Berekraftige og økonomisk robuste kommunar
  • Styrka lokaldemokrati

Kommunane fekk eit utgreiingsansvar og resultatet av prosessen var at både Volda og Hornindal kommunestyrer gjorde vedtak i juni 2016 om å slå seg saman 01.01.2020.

Fylkesmannen følgde opp dette vedtaket med tilråding om samanslåing av Volda og Hornindal den 1. oktober 2016.

Endeleg vedtak om å slå saman Volda og Hornindal i Stortinget vart gjort 8. juni 2017.

Her kan du finne Intensjonsavtalen om samanslåing av Hornindal og Volda kommunar.