Kommunenamn og -våpen

For å utarbeide kommunenamn og kommunevåpen for den nye kommunen, vart det den 9. mars 2017 nedsett ein Temakomite for nytt kommunenamn og heraldikk av den mellombelse fellesnemnda.

Allereide i mai same år la komiteen fram si innstilling til nytt kommunenamn, og komiteen føreslo at namnet på den nye kommunen skulle vere «Volda».

Det var særleg to argument som vog tyngst for dette forslaget; av historiske grunnar og at det er tradisjon for at namnet på den største kommunen i ei samanslåing vert vidareført.

Kommunenamn er naturleg nok eit engasjerande tema for mange, og etter ein god dialog i eit felles kommunestyremøte 1. juni 2017, gjekk dei to kommunestyra kvar for seg for å røyste over forslaget.

Medan Volda kommune gjekk samrøysta inn for innstillinga, var Hornindal kommunestyre delte i synet på namnet. Innstillinga vart til slutt vedteken med ti mot sju røyster.

Nytt kommunevåpen

I sitt vidare arbeid starta komiteen på nytt kommunevåpen snarleg etter at nyee kommunenamn vart vedteken. Den 16. november 2017 la komiteen fram si innstilling til nytt kommunevåpen for «nye» Volda, der innstillinga vart presentert for Fellesnemnda.

Komiteens innstillinga tok utgangspunkt i dei to eksisterande kommunevåpena til Hornindal og Volda kommune, der pennesplitten vert kransa av to ljåblad. Fellesnemnda tok innstillinga til vitande, og ønskte å behandle saka først når eit endeleg forslag låg føre.

Fellesnemnda vil i møtet 19. april røyste over det nye kommunevåpenet.

Nytt ordførarkjede

Det siste stykke arbeidet som komiteen har etter at prosessen med kommunevåpen er avslutta, er å leggje fram forslag til nytt ordførarkjede.

Temakomiteen tek sikte på å leggje fram eit endeleg forslag til nytt kommunevåpen til møtet i Fellesnemnda 6. september, medan det endelege produktet skal leverast i løpet av hausten 2019.