Landbruk

I samband med kommunesamanslåinga, vert også interkommunale samarbeid råka. Dette gjeld mellom anna landbrukskontoret.

Sidan 2014 har Ørsta og Volda hatt eitt felles landbrukskontor, der Ørsta er vertskommune for samarbeidet. Samanslåinga av Hornindal og Volda betyr at denne avtalen må seiast opp og fornyast.

Kommunane er samde om at Ørsta skal halde fram som vertskommune, med hovudbase ved Ørsta rådhus.

Etter vedtak i Fellesnemnda, har det blitt lagt føringar på at innbyggjarar skal få tilgang til landbrukstenester på Smia. Det vert derfor jobba med å finne gode løysingar på dette fram mot 2020.

Intervju med landbrukssjefen

Landbrukssjefen: – Arbeidet går bra