Politikk og administrasjon

Volda og Hornindal kommunar er ulike, men likevel likeverdige. Den nye kommunen skal etablerast, driftast og vidareutviklast med utgangspunkt i kvar av dei gamle kommunane sine tradisjonar og identitetar, fortrinn og utfordringar.

Struktur, organisasjonskultur og system skal vektleggast, og utvikling av nærdemokrati skal gjevast høg prioritet.

Nokre av delmåla i samanslåinga er å styrke folkevald styring, brei deltaking og involvering og å byggje ein kompetent, effektiv og attraktiv kommuneorganisasjon med gode fagmiljø.

Politikk:

Ordføraren i Volda,  Jørgen Amdam, leiar eit organisasjonsutval som utgreier politisk organisering for den nye kommunen. Dette utvalet drøftar overordna prinsipp rundt demokrati og funksjon der nærdemokrati er ein del av dette. Utvalet har teke utgangspunkt i eit notat om politisk organisering.

Modell for politisk organisering i nye Volda kommune tok utgangspunkt i formannskapsmodellen. I tillegg til kommunestyre og formannskap, vedtok Fellesnemnda at Volda kommune også skal ha tre tenesteutval – eitt for helse og omsorg, eitt for oppvekst og kultur og eitt for forvaltning og utvikling.

Her kan du sjå vedtak av politisk organisering i nye Volda kommune.

Det som står att innanfor politisk organisering er å vedta retningslinjer for grendeutval i kommunen. Dette vil bli teken opp i Fellesnemnda 6. september 2019.

Administrasjon:

Ifølgje intensjonsavtalen vil kommunesenteret i den nye kommunen bli lagt til Volda, og kommunesenteret bør innehalde det strategiske leiingsnivået og administrative støttefunksjonar knytt til dette.

Kommunale administrative arbeidsplassar skal så langt det er praktisk mogeleg fordelast etter folketal. For å få til dette vert områdeorganisering lagt til grunn som prinsipp.

Ifølgje prosjektplanen skal vi ha på plass ny administrativ organisering på hovudstrukturnivå i mars/april 2018. Prosessen på dette er allereie godt i gang, og leiarane i Hornindal og Volda kommune har gjort unna éi av totalt fire arbeidssamlingar der ny administrativ hovudstruktur skal dannast.

For å organisere organisasjonsstrukturen i heile kommunen, har det vorte køyrd sektorprosessar for kvar einskild sektor, samt stab- og støttefunksjonar.

Arkiv er noko som må trekkjast fram som kritisk for å få den nye kommunen opp og gå. Arkiv for dei gamle kommunane må ordnast og avsluttast, og dette er ein formidabel jobb. Det er behov for å styrke prosjektorganisasjonen for å ivareta dette. Erfaringane frå andre kommunesamanslåingsprosessar er at implementering av IKT-løysingane er komplisert og krevjande.