Samfunnsutvikling

Jamfør intensjonsavtalen, skal det vere ei overordna målsetjing å realisere lokalsamfunna sine behov og interesser. I tillegg skal ein sjå desse i regional samanheng og vere konkurransedyktige i landsdel og i landet.

Det inneber mellom anna at:

  • Det skal jobbast målretta for dei vidaregåande skulane i Stryn og Volda slik at dagens struktur vert vidareført.
  • Det skal arbeidast for at Volda sjukehus vert vidareutvikla som eit velfungerande lokalsjukehus med gode akuttfunksjonar, herunder akuttkirurgisk beredskap og fødeavdeling for regionen.
  • Samarbeidet med høgskulen og næringslivet skal utviklast, og støtte høgskulen i arbeidet med å styrke utdanning og forsking knytt til nasjonale og regionale behov. Dette gjeld spesielt nynorsk, nytt bygg for medie- og kultur og kulturnæringspark. Også i form av stimulering til innovasjon og kommersialisering.

Sentrale tiltak:

  • Ny idrettshall i Volda
  • Samarbeid med Høgskulen i Volda om fleirbrukslokale til undervisning, kultur og kino.

Den nye kommunen vil utvikle potensialet for reiselivsutvikling, der skisenteret i Hornindal inngår i denne strategien.

Kommunikasjon

Breibandstilbod og mobildekning må sikrast for folk og arbeidsliv i alle deler av kommunen. Kommunen skal også vere ein pådrivar for utbygging av følgjande prosjekt:

  • Realisering av E39 i samsvar med føreliggande planar.
  • RV 15, Strynefjellvegen med «arm» til Geiranger.
  • FV 60, Grodås – Møre grense (Røyrhus bru).