Engasjement

Kulturbygging, engasjement og interaktivitet er ein viktig del av kommunereforma. To kommunar skal bli éin, og to sett med innbyggjarar skal bli sambygdingar.

Derfor ønskjer «Nye Volda kommune» å bidra til engasjement rundt samanslåinga. Vi ønskjer å sikre at folk har tillit til prosessen knytt til samanslåinga, bidra til positive forventningar til det endelege resultatet og ha ein god dialog med alle målgruppene, slik at identiteten til folk i begge kommunane blir tatt godt vare på.

Du kan følgje oss på fleire kanalar, i tillegg til denne heimesida.

Sjå fleire saker om aktivitetar og engasjement!