For tilsette

Ein omstillingsprosess kan både vere spanande og interessant, men det kan også medføre spørsmål. Leiinga ønskjer å gi best mogleg informasjon til dei tilsette i kommunen, slik at usikkerheit rundt omstillinga vert minst mogeleg.

For å bidra til god informasjonsflyt vil mellom anna rådmennene i dei to kommunane jamleg sende ut eit informasjonsskriv til dei tilsette. Her vil det stå opplysande informasjon om kva som har skjedd den siste perioden, kva som vil skje framover og korleis det blir jobba for å nå måla våre.

I tillegg kan ein alltid finne ny og oppdatert informasjon på nyevolda.no og eventuelt på dei to kommunane sine heimesider.

Dersom du ønskje å løfte ei bekymring, ta gjerne kontakt med din nærmaste leiar eller direkte med rådmennene i di respektive kommune. Saknar du informasjon, ta gjerne kontakt med vår kommunikasjonsrådgjevar.

Dei tillitsvalde i Volda og Hornindal kommune er også nøkkelspelarar i denne samanhengen, og du må gjerne ta kontakt med din hovudtillitsvald om du har spørsmål.

Finn din tillitsvald: