Ofte stilte spørsmål

Ei omstilling så stor som ei kommunesamanslåing utløyser naturleg nok eit stort behov for god og korrekt informasjon.

På denne sida vil vi prøve så langt som råd å samle inn spørsmål, og svar, på tema som mange kan lure på.

Om det er noko du undrar deg over, som du ikkje finn her eller elles i nettstaden, er det sjølvsagt berre å ta kontakt med Hornindal eller Volda kommune (kontaktinfo finn du nedst på sida).

Kvifor treng vi ei kommunereform?

Stortinget meiner det er grunnlag for å sjå på om dagens kommunestruktur er framtidsretta og har bedt kommunane om å vurdere dette frå ein lokal synsstad.

Kan vi ikkje halde fram slik vi har det no?

Kvar kommune vil no ta stilling til om vilkåra kan bli oppfylt med dagens struktur eller om strukturen bør bli endra. Fylkesmannen sender på bakgrunn av dette si tilråding til Regjeringa som i sin tur sender saka over til Stortinget for endeleg avgjerd.

Vil ikkje nye og større kommunar føre til meir sentralisering?

Små kommunar har i liten grad klart å stanse sentraliseringa. Nye regionkommunar kan derimot bli i stand til å motverke fleire av dei viktige faktorane som fører til sentralisering mot dei store landsdelssentera. I så fall kan det gi grunnlag for at folk kan bli buande eller flytte til også dei områda som ligg utanfor dei største tettstadane i regionen.

Vil større kommunar svekkje lokaldemokratiet?

Kommunereforma er ikkje til hinder for å utvikle gode prosessar for medverknad og styrking av lokaldemokratiet. Reforma kan snarare vere det som skal til for å utvikle ein positiv dynamikk for å få til eit enno betre lokaldemokrati?

Vil skulen og sjukeheimen der eg bur bli lagt ned og flytta?

Kommunestyret må både no og i framtida ta avgjerd i saker om kvalitet, kvantitet og lokalisering av tenestetilbodet. Tenestene skal ligge der brukarane bur så lenge det er nok «kundar» og det er mogleg å sikre at kvaliteten på tenesta kan bli halden på ei godt nok fagleg nivå.

Er ikkje tenestetilbodet betre i små kommunar enn i store?

Små kommunar kan ha minst like gode tenester som store, men dei kan ikkje alltid på eiga hand levere alle tenestene kommunen er, og kan bli, pålagt å gi.

Blir ikkje utkantane fortare gløymd i store kommunar?

Å gløyme utkantane vil vere eit brot med visjonen for ein ny regionkommune.

Kva skjer med jobben min etter samanslåinga?

Ei kommunesamanslåing vert rekna som ei verksamsoverdraging etter reglementet til arbeidsmiljølova. Frå og med 01.01.2020 vil dei noverande kommunene opphøyre, og det vert etablert ein ny felles organisasjon.

Når den nye kommunen vert etablert, vil alle tilsette i dei to kommunane automatisk bli flytta over til “nye” Volda kommune. Ingen tilsette vil bli sagt opp i samband med kommunesamanslåinga, men det kan vere enkelte som får endra arbeidsoppgåver.

Kvar vert arbeidsstaden min?

Etter kommunesamanslåinga vil dei fleste verksemdene vere som i dag. Dette gjeld til dømes tenester som til dømes skule, barnehage og sjukeheim - tenester som er knytte til konkrete stadar. Samanslåinga vil kunne føre til endringar av arbeidsstad for enkelte arbeidstakarar. Dette vil truleg i størst grad vere gjeldande for administrative stillingar, og dette vert ei naturleg følgje av samanslåinga.

Det står til dømes at den administrative hovudstrukturen vil verte lagt til Volda, ettersom det er der den administrative leiinga vil vere når den nye kommunen vert etablert. Vidare vil den framtidige organiseringa av kommunen bli avgjort i løpet av perioden 2018-2019.

Kva konsekvensar dette medfører er vanskeleg å svare på så tidleg i fasen. Dei som skulle bli råka av endring i arbeidsstad vil bli halden orientert.

 

Kjelde: Sunnmøre Regionråd