Kommunikasjon og informasjon

Når to kommunar skal bli til éin, er det naturleg at det følgjer med seg ein del spørsmål. Erfaringar frå samanslåinga til Nye Sandefjord syner at ein føreseieleg prosess med openheit og god informasjon blir trekt fram som viktige suksessfaktorar.

Betydinga av informasjon og at folk «heiar» på kvarandre gjennom ein krevjande prosess skal ein derfor ikkje undervurdere.

I samband med kommunereforma, er hovudmålet vårt med kommunikasjonsplanen å sikre at alle tilsette og innbyggjarar skal få god og relevant informasjon rundt arbeidet med å byggje ein ny, felles kommune for Hornindal og Volda.

Under dette hovudmålet, har vi følgjande delmål:

  • Sikre at folk har tillit til prosessen knytt til samanslåinga.
  • Bidra til positive forventningar til det endelege resultatet.
  • Ha ein god dialog med alle målgruppene, slik at identiteten til folk i begge kommunane blir tatt godt vare på.

Er du på jakt etter politiske og administrative dokument? Dei finn du her!

«Nye Volda» i sosiale medium

Prosessen rundt kommunesamanslåinga kan du følgje gjennom fleire kanalar på sosiale medium.

I margen til høgre (under om du er på mobil) kan du følgje oss på dei ulike medium, eller så kan du sjekke ut vår engasjement-side!