Merkedagar

Viktige milepålar og hendingar kan du sjå i denne interaktive tidslinja (ekstern lenke).

Nøkkeldatoar:

Juni 2016

Kummunestyra i Hornindal og Volda vedtok å slå seg saman med kvarandre.

8. juni 2017

Stortinget vedtok etter fleire timar med diskusjon kommunereforma. Denne reforma gjer at talet på kommunar blir redusert frå 426 til 354 – deriblant Volda og Hornindal kommunar.

Hausten 2017

Kongen i statsråd skal godkjenne den nye kommunen (kongeleg resolusjon), og kommunen får mellom anna nytt kommunenummer og organisasjonsnummer.

Haust 2017 – haust 2019

Ny administrativ og politisk organisering skal dannast.

Mars/april 2018

Ifølgje prosjektplanen skal ny administrativ organisering på hovudstrukturnivå (leiarane) vere på plass innan mars/april 2018.

Juni 2018

Prosjektleiaren tek sikte på å vere ferdig med rekruttering av personar til rådmannens leiargruppe i den nye kommunen.

August 2018

Oppstart av prosess på vidare organisering av sektorane innanfor den vedtekne hovudstrukturen.

Oktober-desember 2018

Verdiprosess og kompetanseavklaring for den nye kommunen.

September 2019

I kommunevalet skal det veljast eit felles kommunestyre, som skal vere til saman 33 medlemmer. Leiar i Fellesnemnda kallar saman det nyvalde kommunestyret til konstituerande møte innan utgangen av oktober månad i 2019. Leiar av Fellesnemnda leier møtet fram til ny ordførar er vald.

1. januar 2020

Ny Volda kommune vert etablert!