Fellesnemnda

Leiar: Stig Olav Lødemel (Hornindal)

Medlemmer: Jørgen Amdam, Fride Schjølberg Sortehaug, Odd Harald Sundal, Margrete Bjerkvik, Odd Arne Folkestad (alle Volda), Randi Langlo, Eldar Engelund, Bente Tryggestad, Brynhild Lund Notøy (alle Hornindal).

Fellesnemnda konstituerte seg offisielt 20. juni etter at Stortinget vedtok kommunereforma 8. juni. Det betyr at nemnda no kan binde den nye kommunen juridisk og økonomisk.

Møteplan og sakspapir

Møteplan og sakspapir til møta i fellesnemnda finn du under Dokument og protokollar, eller på heimesidene til Volda kommune eller Hornindal kommune.

Les nyheiter frå fellesnemnda!

Oppgåver

Fellesnemnda skal i opne møter planlegge og førebu samanslåing fram til konstituering av nytt kommunestyre i den nye kommunen.

Vedtak i Fellesnemnda bør så langt råd er fattast etter «konsensusprinsippet.»

Det ligg ikkje til fellesnemnda å ha styring av den daglige drifta i dei to kommunane fram til tidspunktet for samanslåing.

Fellesnemnda skal ha som oppgåve å:

  • Inngå avtalar på vegne av den nye kommunen.
  • Gjere vedtak om kommunevåpen for den nye kommunen.
  • Gjere vedtak om val av hovudmodell for den politiske organiseringa av den nye kommunen. I det ligg det også reglement for dei nye politiske organa og reglement for arbeidsvilkåra for politikarane i kommunen.
  • Kome med uttale/innspel om val av hovudmodell for administrativ organisering av den nye kommunen.
  • Godkjenne framdriftsplan i samanslåingsprosessen.
  • Vedta budsjett for samanslåingsprosessen.
  • Har ansvaret for det førebuande arbeidet med budsjettet for første driftsår etter at samanslåinga er sett i verk (2020).
  • Gje fråsegn til Fylkesmannen i dei to fylka om budsjett og økonomi- og handlingsplan for dei to kommunane.
  • Gjere vedtak om spørsmål som gjeld lokalisering av dei ulike administrative og tenesteproduserande einingar i den nye kommunen.
  • Tilsette rådmann og revisor i den nye kommunen.
  • Har fullmakt til å overføre og tilsette personell til den nye kommunen.
  • Kan vedta mindre justeringar i organiseringa og beskrivinga av prosjektet.
  • Gjere vedtak om andre spørsmål som er knytt til samanslåingsprosessen og tilhøve som gjeld ny kommune.
  • Ta ansvar for informasjonsarbeid og involvering av innbyggjarane for det som gjeld bygging av den nye kommunen.

Full medlemsoversikt

Stig Olav Lødemel Hornindal Høgre (H) Leiar
Jørgen Amdam Volda Arbeiderparti (AP) Nestleiar
Fride Schjølberg Sortehaug Volda Venstre (V) Medlem
Odd Harald Sundal Volda Senterparti (SP) Medlem
Margrete Bjerkvik Volda Kristeleg Folkeparti (KRF) Medlem
Odd Arne Folkestad Volda Framstegsparti (FRP) Medlem
Randi Langlo Hornindal Arbeiderparti (AP) Medlem
Eldar Engelund Hornindal Senterparti (SP) Medlem
Bente Tryggestad Hornindal Senterparti (SP) Medlem
Brynhild Lund Notøy Hornindal Venstre (V) Medlem
Hild Våge Volda Arbeiderparti (AP) Vara
Gunnar Strøm Volda Sosialistisk Venstreparti (SV) Vara
Sølvi Dimmen Volda Senterparti (SP) Vara
Øyvind Festø Miljøpartiet Dei Grøne Volda (MDG) Vara
Margrete Trovåg Volda Arbeiderparti (AP) Vara
Dan Helge Bjørneset Volda Høgre (H) Vara
Arild Iversen Volda Kristeleg Folkeparti (KRF) Vara
Roald Arnold Espset Volda Framstegsparti (FRP) Vara
Sindre Rotevatn Volda Høgre (H) Vara
Silvia Prøven Tangen Hornindal Senterparti (SP) Vara
Anders Hjellbakk Hornindal Senterparti (SP) Vara
Anne Raftevold Hornindal Høgre (H) Vara
Per Maurset Hornindal Ardeiderparti (AP) Vara
Nina Lødøen Øen Hornindal Venstre (V) Vara